Uttalelse fra Revolusjonært Kommunistisk Forbund (RK), vedtatt 5. januar 2026.
Natt til 3. Januar gjekk USA til åtak på Venezuela. Dei har bomba hovudstaden Caracas og bortført presidenten i landet, Nicolás Maduro og hans familie[1]. Formålet med åtaket mot landet er tydeleg å disiplinere eit land og ei regjering som har utfordra det imperialistiske systemet og sørgje for amerikanske kapitalistar igjen kan undertrykke og utbyte Venezuela. Alle kommunistar, sosialistar og anti-imperialistar bør fordømme dette åtaket på det sterkaste.
Me stør det venezuelanske folket sin rett til å avgjere si eiga framtid og retten deira til å kjempe mot det amerikanske åtaket. Me stør òg den venezuelanske regjeringa i deira kamp mot USA, men dette må ikkje forvekslast med politisk støtte til styresmaktene i Venezuela.
Bakteppet for invasjonen er mellom anna at Nobels fredspris vart gjeven til den venezuelanske opposisjonspolitikaren Maria Corina Machado[2]. Ho har teke til orde for at USA bør invadere Venezuela[3]. Ved det har den norske staten og Nobelkomiteen legitimert dette folkerettsstridige åtaket og gjort seg medskuldig i denne imperialistiske aggresjonen.
I nesten fire år har alle dei vestlege styresmaktene fordømt den russiske invasjonen av Ukraina fordi han er folkerettsstridig og innført omfattande sanksjonar mot Russland. Ved dette folkerettsstridige åtaket på Venezuela visar dei kor hyklersk utanrikspolitikken deira er. Det er heilt utenkjeleg at noko vestleg land kjem til å innføre sanksjonar mot USA for dette åtaket. For dei vestlege landa er imperialisme og folkerettsstridige krigar akseptabelt så lenge det er vestlege land som utfører det.
[1] https://www.nrk.no/urix/eksplosjoner-hort_i-venezuelas-hovedstad-caracas-1.17712416
[2] https://www.nobelpeaceprize.org/prisvinnere/2025
[3] https://www.aljazeera.com/news/2025/10/10/nobel-peace-prize-2025-maria-corina-machado

