Dette innlegget er ein nyhetsartikkel. Redaksjonen står ansvarleg for innhaldet, men eventuelle synspunkt er skribenten sine eigne.
Av kamerat Ulrik og Riyu
(Alle siteringer er oversatt frå engelsk til nynorsk av skribentane)
For nokre veker sidan møttest 30 land i Bogotá, Colombia, for å diskutera og samkøyra potensielle sanksjonar mot Israel. Konferansen blei organisert av Haag-gruppa, som blei forma i januar som del av eit initiativ til å setja i verk koordinerte sanksjonar mot Israel. Initiativtakarane er landa Bolivia, Colombia, Cuba, Honduras, Malaysia, Namibia, Senegal og Sør-Afrika.
Også FN-rapportør Francesca Albenese var til stades. Rett før konferansen fordømte Albanese EU si avgjerd om å ikkje sanksjonera Israel,1 og publiserte ein omfattande og opplysande rapport om internasjonale verksemders medskuld i å oppretthalda og styrka den sionistiske okkupasjonen av Palestina, samt det pågåande folkemordet mot palestinarane.2
Til saman møtte 30 land opp til møta som varte i to dagar frå 15. til 16. juli. Brasil, Kina, Mexico, Noreg, Pakistan, Spania og Qatar deltok midlertidig berre som observatørar.3 Haag-gruppa har sett datoen for at andre statar skal slutta seg til krava til den 20. september.4
Etter at møta vart avslutta, kunngjorde 12 av dei 30 deltakande landa at dei kjem til å følgja opp sanksjonar mot Israel. Desse landa er Bolivia, Colombia, Cuba, Indonesia, Irak, Libya, Malaysia, Namibia, Nicaragua, Oman, Saint Vincent og Grenadinane og Sør-Afrika. Dei opprinnelege Haag-medlemmane Honduras og Senegal slutta seg til slutt ikkje til sanksjonane likevel.
Tiltaka dei 12 nemnde landa vart samde om lyder slik (omsett til nynorsk):
1. Forhindra levering eller overføring av våpen, ammunisjon, militært drivstoff, relatert militært utstyr og dobbeltbruksvarar til Israel, etter behov, for å sikra at vår industri ikkje bidreg med verktøy som mogleggjer eller legg til rette for folkemord, krigsbrotverk, brotverk mot menneskja og andre brot på folkeretten.
2. Forhindra frakt, langsetjing og vedlikehald av fartøy i kvar hamn, der det er aktuelt, innanfor vår territoriale jurisdiksjon, samtidig som vi er fullt ut i samsvar med gjeldande folkerett, inkludert UNCLOS, i alle tilfelle der det er ein klar risiko for at fartøyet vert brukt til å frakta våpen, ammunisjon, militært drivstoff, relatert militært utstyr og dobbeltbruksvarar til Israel, for å sikra at våre territoriale farvatn og hamnar ikkje fungerer som kanalar for aktivitetar som mogleggjer eller legg til rette for folkemord, krigsbrotverk, brotverk mot menneskja og andre brot på folkeretten.
3. Forhindra transport av våpen, ammunisjon, militært drivstoff, relatert militært utstyr og dobbeltbruksvarar til Israel på fartøy som fører vårt flagg, samtidig som vi er fullt ut i samsvar med gjeldende internasjonal lov, inkludert UNCLOS, og sikrar fullt ansvar, inkludert avflagging, for manglande etterleving av dette forbodet, og ikkje å yte bistand eller assistanse til å oppretthalde situasjonen skapt av Israels ulovlege nærvær i det okkuperte palestinske territoriet.
4. Setja i verk ein umiddelbar gjennomgang av alle offentlege kontraktar for å forhindra at offentlege institusjonar og offentlige middel, der det er aktuelt, støttar Israels ulovlege okkupasjon av det palestinske territoriet, noko som kan forankra deira ulovlege nærvær i territoriet, for å sikra at våre statsborgarar, selskap og einingar under vår jurisdiksjon, samt våre styresmakter, ikkje handlar på noko vis som ville innebore anerkjenning eller [å] gi bistand eller assistanse til å oppretthalda situasjonen skapt av Israels ulovlige nærvær i det okkuperte palestinske territoriet.
5. Etterleva våre forpliktingar til å sikra ansvarleggjering for dei mest alvorlege brotverka i samsvar med folkeretten gjennom robuste, upartiske og uavhengige etterforskingar og rettsforfølging på nasjonalt eller internasjonalt nivå, i samsvar med vår forplikting til å sikra rettferd for alle offer og førebyggja framtidige brotverk.
6. Støtta universelle jurisdiksjonsmandat, der det er aktuelt i våre juridiske konstitusjonelle rammeverk og vårt rettsvesen, for å sikra rettferd for alle offer og førebyggja framtidige brotverk i det okkuperte palestinske territoriet.
Vertsnasjonen Colombia og fleire andre land som deltok i konferansen, spesifikt Sør-Afrika og Colombia, vart fordømde av USA som høvesvis «autoritær og kommunistisk«, og skulda for å «undergrava demokratiske nasjonars suverenitet ved å isolera og forsøka å delegitimera Israel, [som opent legg] grunnlaget for å målretta sambandsstatane, militæret vårt og våre allierte«.6
Noreg slutta seg ikkje til nokon av sanksjonane frå konferansen, noko statssekretær i Utenriksdepartementet Andreas Kravik grunngav med at Noreg berre hadde observatørstatus under konferansen.7
Skikkelsar frå SV og Raudt har reagert på Noregs manglande tilslutning til tiltakspakka. «Regjeringens påskudd for ikke å gjøre mer for å stanse folkemordet har hele tiden vært at den ikke ønsker å handle alene. Nå er det påskuddet borte», seier Tobias Drevland Lund frå Raudt til NTB.7
Når frista er sett til 20. september, gjenstår det å sjå om Noreg kjem til å følgja opp regjeringas vage fordømingar, bekymringar og idealistiske utsegner om at Israel må stoppa.8
Dette er ei moglegheit for Noreg å endeleg slutta seg til initiativ for å avvikla si delaktigheit i folkemordet. Regjeringa har lenge insistert på at dette ikkje er verd å forfølgja åleine, men må koordinerast i lag med andre land. Så langt er det ingen indikasjonar frå Utanriksdepartementet om at det kjem til å henda.9 Tvert om har statsministeren den siste veka stadfesta at han meiner verken boikott eller å trekke Oljefondet ut av Israel er dei rette verktøya for å straffa Israel.10
Oljefond-skandale for Regjeringa
Tre veker etter møtet i Bogotá avslørte Aftenposten at Oljefondet «kan ha sikret storgevinst ved å kjøpe seg inn i selskap som vedlikeholder Gaza-bombefly».11 Det handlar her om det israelske selskapet Next Vision Stabilized Systems.12
Dette selskapet sel også kamerautstyr til selskapet Univision, som lager sjølvmordsdronar som vert brukt mot sivile, og Elbit Systems, som har vore svartelista frå Oljefondet sidan 2009 og produserer omtrent 85% av den israelske okkupasjonsmakta sine våpen.
Overraskande nok har borgarlege media vore raskt ute med å kalla ein spade for ein spade, og påpeikt faktumet at Noreg tener på folkemordet. Fleire utanom media har uttrykt sinne mot dei openbare løgnene til AP-regjeringa og særleg Støre og Stoltenberg, som tidlegare i år forsikra offentlegheita om «at oljefondet ikke er investert i selskaper som bidrar til folkerettsbrudd eller våpen som dreper palestinske sivile».13
Klassekampen publiserte den 7. august ein artikkel av liknande art, denne gong med tek-giganten Palantir i fokus: «Mens dødstallene steg på Gaza, tredoblet Oljefondet eierandelen i Palantir, som leverer KI-teknologi til Israels ‘krigsrelaterte oppdrag'».14
Etikkrådet og Noregs Bank har no fått ein frist på 15 dagar til å gå gjennom investeringane i Israel på nytt, mens statsministeren seier at han kjenner seg «uroleg» i møte med situasjonen.15
Francesca Albanese har sendt to separate brev til Jens Stoltenberg tidlegare i år, og varsla om Oljefondets «katastrofale» investeringar.16 Den gong svarte finansministeren: «Finansdepartementet er trygge på at pensjonsfondets investeringer ikke bryter med Norges forpliktelser etter folkeretten, spesielt forpliktelsene som påhviler alle tredjestater som følger av ulovlig tilstedeværelse av Israel i de okkuperte palestinske områdene». Rapportøren sine varslingar var den gong inga årsak til uro blant AP-leiarane.
Ein 118-sider lang rapport frå «Historikere for Palestina», som granska 65 israelske selskap konkluderte med at Oljefondet er djupt investert i mellom anna «banker som finansierer, forsikringsselskaper som forsikrer, ulike service-selskap, og selskaper som bygger eiendom og infrastruktur i okkuperte områder». På toppen av det, er Oljefondet investert i Bet Shemesh Engines — eit israelsk selskap som vedlikeheld israelske jagarfly.17 Rapporten blei ignorert av styresmaktene, samtidig som dei no leikar overraska etter Aftenpostens avsløring.
Også nettavisa FriFagbevegelse varsla om Oljefond-investeringar i israelsk forsvarsindustri for ein månad sidan, og ei heller blei dette årsak til uro for Støre.18
Det er openbart at den sanne kjelda til uroa er sjølve skandalen, for dette dukkar opp i den kritiske fasen som er innspurten mot stortingsvalet i haust. Tidlegare vart Jens Stoltenberg tilsett som finansminister i regjeringa i eit forsøk på å reparera noko av APs «image» i forkant av valet, midt i historisk upopularitet for partiet. Faktumet at Noreg bidreg til og tener på folkemordet mot palestinarane er derimot berre ein baktanke, om i det heile tatt er det. Det blir meir og meir openbert at den norske regjeringas fordømmingar og utsegner om situasjonen i Gaza er innhaldslause.
- https://www.middleeasteye.net/news/bogota-summit-palestine-begins-more-30-states-discuss-concrete-measures-against-israel[↩]
- https://www.un.org/unispal/document/a-hrc-59-23-from-economy-of-occupation-to-economy-of-genocide-report-special-rapporteur-francesca-albanese-palestine-2025/[↩]
- https://www.aljazeera.com/news/2025/7/16/hague-group-announces-steps-to-hold-israel-accountable-in-bogota-summit[↩]
- https://thehaguegroup.org/meetings-bogota-en/[↩]
- Kjelde: https://cloud.progressive.international/s/FfyxrbGwnsPwE8e#pdfviewer[↩]
- https://www.latintimes.com/colombia-again-defies-washington-gaza-conference-587089[↩]
- https://www.bt.no/utenriks/i/Ey1VwG/norge-undertegnet-ikke-slutterklaering-om-israel-sanksjoner[↩][↩]
- https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/uttalelse-fra-utenriksminister-eide-om-gaza-humanitarian-foundation-ghf-og-humanitar-tilgang-til-gaza/id3114742/[↩]
- https://klassekampen.no/utgave/2025-07-18/12-land-straffer-israel-norge-star-over[↩]
- https://www.nrk.no/nyheter/store-svarer-pa-aufs-krav-om-israel-boikott_-_-ikke-riktig-virkemiddel-1.17511884[↩]
- https://www.aftenposten.no/norge/politikk/i/1MLA9q/oljefondet-kan-ha-sikret-storgevinst-ved-aa-kjoepe-seg-inn-i-selskap-som-vedlikeholder-gaza-bombefly[↩]
- https://e24.no/internasjonal-oekonomi/i/yEqLLg/oljefond-selskap-leverer-kameraer-til-det-israelske-militaeret?referer=https%3A%2F%2Fwww.vg.no[↩]
- https://e24.no/norsk-oekonomi/i/932Bv5/sa-til-stortinget-at-regjeringen-hadde-kontroll-sv-krever-svar-paa-hva-han-visste[↩]
- https://klassekampen.no/artikkel/2025-08-08/oljefondet-kjopte-seg-opp-i-tek-gigant-som-bistar-idf[↩]
- https://www.vg.no/nyheter/i/o30LmR/regjeringen-gir-norges-bank-og-etikkraadet-15-dager-paa-gjennomgang-av-investeringer-i-israel[↩]
- https://www.vg.no/nyheter/i/Jbw14j/spesialrapportoer-for-palestina-kaller-oljefondet-en-katastrofe[↩]
- https://www.vg.no/nyheter/i/632wVz/historikere-tangen-lyver-om-investeringene[↩]
- https://frifagbevegelse.no/nyheter/oljefondet-fortsetter-a-putte-penger-i-israelsk-forsvarsindustri-6.158.1145988.2d872e8a51[↩]

