Dette innlegget er ein nyhetsartikkel. Redaksjonen står ansvarleg for innhaldet, men eventuelle synspunkt er skribenten sine eigne.
Frå Redaksjonen.
(Alle sitat er henta frå https://www.palestinechronicle.com/the-resistance-is-strong-georges-abdallah-freed-after-41-years-in-french-prison/ og oversatt frå engelsk til nynorsk av redaksjonen).
Den 25. juli blei Georges Abdallah endeleg frikjent etter over 41 år i fengsel. Den 74 år gamle motstandskjemperen ankom i Beirut, Libanon same dag, med keffiyeh på, og blei tatt imot av store euforiske folkemengder, inkludert mange aktivister, juristar og politikarar.
«Me skal for alltid hedre blodet til martyrene i motstanden. Desse er grunnlaget til ein kvar idé om frigjering». «Så lenge det er motstand, så lenge vil det vera tilbakekomst. Og den tilbakekomsten er mektig, støtta av martyrane som som skapte ein strøm av motstridande blod», sa Abdallah i ein av hans første talar foran folkemengdane. Han la til at han haldt ut 41 år i fengsel på grunn av motstandskrafta som er rotfesta i Palestina og Libanon. «Den palestinske motstanden står sterkt», utdjupa han. «Med motstand er vegen heim aldri fortapt».
«Kampen mot fienden har seiret. Me må fortsetja å bekjempa fienden til den er driven fullstendig ut», sa han i ein annan tale, og la til at «Israel er i den siste fasen av sin eksistens».
Om den palestinske motstanden sa han at «motstanden må fortsetja og vaksa. Så lenge det er motstand, kjem alle oss til å returnera til heimlandet, meg og alle som er fanga». Han vektla at motstanden ikkje er svak. «Motstanden er sterk på grunn av ofrane til dens martyrar. Dens leiarar er martyrar, så motstanden er sterk. Motstanden er svak når dens leiarar er forrædarar. Vår motstand består ikkje av forrædarar».
I ein hyllest til motstanden, og den drepne leiaren av Hezbollah Hassan Nasrallah, sa Abdallah, «Motstand er friheit. Saml dokker rundt motstanden. Saml dokker rundt Gaza, rundt dei som støtter motstanden. Dei lekamleggjer ære og integritet». «I dag, meir enn nokonsinne, må alle samla seg rundt motstanden», oppfordrar han, og legg til at motstanden er «djupt forankra i landet, og derfor ikkje kan utslettast». «Me bukkar for motstandens martyrar».
Abdallah sin frikjenning er ein seier for den palestinske og libanesiske motstanden, samt solidaritetsrørsla verda rundt. RK uttrykker den største glede om frikjenninga hans, og stiller seg bak kravet om å fri alle politiske fangar.

