Dette innlegget er ein nyhetsartikkel. Redaksjonen står ansvarleg for innhaldet, men eventuelle synspunkt er skribenten sine eigne.
Innlegg frå anonym kommentator. Oppdatert med korrektur 9. august.
I ein ny rapport frå den femtiniande økta i FNs Human Rights Council «FROM ECONOMY OF OCCUPATION TO ECONOMY OF GENOCIDE» forklarar og skildrar FN-rapportør Francesca Albanese korleis ulike næringsverksemder er medskuldige og delaktige i okkupasjonen av, samt apartheiden og folkemordet mot palestinarane. På ein måte som stemmer overeins med RKs eigne standpunkt i saka, konkluderer ho rapporten sin med at det er naudsynleg å demontera «the global system of racialized capitalism» for å stoppe folkemordet mot palestinarane og å halde dei skuldige og profitørane til ansvar, som ikkje berre tener på folkemord men også skapar marknadsinsentiv for det. Det er oppsiktsvekkjande at, framfor at kritikken vert avgrensa til Israel og deira allierte sine handlingar, vert kritikken retta mot systemet som ligg til botn for okkupasjonen og folkemordet: «rasifisert kapitalisme», eller imperialisme rett og slett. Til tross for at ingen revolusjonære handlingsplanar vil koma frå FN-småborgarskap, er dette likevel informasjon som er nyttig for den revolusjonære anti-imperialistiske rørsla verda over som ressurs og referanse.
Få dagar etter at Albanese offentleggjorde rapporten, blei ho sanksjonert av den amerikanske staten. USA har tidlegare òg sett i verk sanksjonar mot den internasjonale straffedomstolen, som i mai 2024 utstedte ein arrestordre mot Benjamin Netanyahu og Yoav Gallant, høvesvis Israels statsminister og tidlegare forsvarsminister. Medlemsland i «Haag-gruppa» som møttest i Bogota, Colombia, for å saman koordinere planar om å hjelpe med å handheva internasjonal lov og å koordinere sanksjonar mot Israel, vart skulda for å fremje ein «anti-vestleg agenda» av USA.
Rapporten er interessant og anbefalt lesing. Den inneheld ei detaljert og nyttig, men ikkje altomfattande (den fokuserer hovudsakleg på 1000 utvalde selskap) oversikt over korleis forskjellege industriar og næringsverksemder bidreg systematisk, kvar på sitt vis, til å styrke både staten Israel og dei kriminelle busetjingane, og tener på okkupasjonen og folkemordet. Mykje av den konkrete informasjonen er verd å gjengi her. Vesentlege profittørar som er nemnde, inkluderer:
Våpen- og forsvarsindustrien
Israelske og internasjonale våpenselskap samarbeider og konkurrerer om å utvikle stadig meir effektivt utstyr og system til militære formål. Den langvarige okkupasjonen og stadig meir aggressive offensivar har fungert som testlaboratorium for militær innovasjon, som f.eks. luftforsvarssystem, dronar, KI-målutveljing og det USA-leia F-35-programmet.
Våpenselskapet Elbit Systems har samarbeidd med det israelske militæret om operasjonar, og har personell i det israelske forsvarsministeriet. Eit 65%-auke i forsvarsutgifter frå 2023 til 2024, tilsvarande $46.5 milliardar, har skapt dramatiske gevinstar for Elbit Systems, statseigde Israel Aerospace Industries (IAI), og andre tilknytte selskap.
Overvakingsteknologi
Israels behov for «sikkerheit» har drive fram innovasjon innan fengslings- og overvakingstenester, kamera-, drone-, og biometrisk overvaking, høgteknologiske ‘checkpoint’-nettverk, «smart walls», KI, skytenester og dataanalyse til militære formål.
Israelske teknologibedrifter veks ofte ut av militær infrastruktur og forsyner den, i ein slags syklisk prosess. Til dømes blei NSO-Group stifta av ex-82001 og har utvikla Pegasus spyware-programmet som har vert brukt mot aktivistar og journalistar.
IBM har trent 8200-styrker sidan 1972, og oppgraderte samt betener sidan 2019 PIBA 2, som lagrar og behandlar biometriske data om palestinarar. Før IBM betente HP 3 denne databasen, samt forsynte COGAT 4, fengselstenester og politiet i tillegg.
Microsoft har sidan 1991 bygd ut sitt nest største senter utanfor USA i Israel, med teknologien sin innlemma i fengslingstenesta, politiet, og utdanningsinstitusjonar i okkuperte område.5 Sidan 2003 har Microsoft integrert systema sine i det israelske militæret, og kjøpt opp israelske start-ups innan høgteknologi og overvaking.
I 2021 inngjekk Alphabet Inc. (Google) og Amazon ‘Project Nimbus’-samarbeidsavtalen verd $1.2 milliardar med det israelske militæret. Microsoft og Nimbus-partnarane gir den israelske regjeringa tilgang til det meste av deira sky- og KI-tenester, samt databehandling- og overvakingstenester. I oktober 2023, då det israelske militæret sitt skylagringssenter kollapsa, hjelpte Microsoft og Nimbus-partnarane med viktig sky- og KI-infrastruktur.
Palantir Technology Inc. har utvida sitt samarbeid med det israelske militæret sidan 2023, og kunngjorde i 2024 eit strategisk partnerskap med Israel. I april 2025 vedgjekk CEOen i selskapet at teknologien deira har bidratt til drap mot palestinarar, og kommenterte at dei drepne var «mostly terrorists».
Antalet israelske start-ups innanfor militær teknologi auka med 143% i 2024, og teknologi utgjer 65% av eksporten til landet.
Kvardagsteknologi
Israelske militæroperasjoner er svært avhengige av utstyr frå storprodusentar for å gjennomføre etnisk reinsing, som inneber øydelegging av bustadar, offentlege bygg, mark, vegar og annan viktig infrastruktur.
Caterpillar Inc. har lenge forsynt Israel med slikt utstyr, mellom anna dei berykta bulldosarane. I samarbeid med b.a. IAI og Elbit har desse blitt modifisert til å vere automatiserte, væpna og fjernkontrollerte. Maskineri frå sørkoreanske Hyundai og Doosan og svenske Volvo vert framleis hyppig forsynt til det israelske militæret, som ofte fjernar logo frå vognene i operasjon.
Utstyr frå Caterpillar, Hyundai og Volvo har vorte brukt til danninga av kriminelle busetjingar i over ti år. Tyske Heidelberg Materials AG har plyndra dolomitt frå okkuperte område gjennom datterselskapet Hanson Israel. Med utstyr frå Hyundai, Doosan og Volvo, samt plyndra dolomitt frå Heidelberg Materials AG har spansk-baskiske Construcciones Auxiliar de Ferrocarriles tatt initiativ til å byggja ut skjener og stasjonar til ei jernbanerute som skal omfatte kriminelle busetjingar på Vestbreidda.
Den britiske eigedomsgruppa Kelly Williams Realty LLC sel eigedom i okkuperte område til israelske og internasjonale kundar.
Naturressurser
Det israelske vatnselskapet Merokot har monopol på vatn i Gaza. Palestinarar er tvungne til å kjøpe drikkevatn frå Merokot, som selskapet har tileigna seg frå to ferskvannslommer i Gaza og sel til kunstig oppblåste priser og i periodar med uvisse mellomrom.
Amerikanske Drummond Company Inc. og sveitsiske Swiss Glencore PLC forsyner Israel med kol for straum, tilsvarande 60% av Israels årlege importutgifter. Amerikanske US Chevron forsyner Israel med 70% av sitt årlege forbruk av naturgassar, og er deleigar av Arish-Ashkelon rørlinja («EMG») som kryssar palestinsk sjøområde.
Det britiske petroleumselskapet BP har nyleg kjøpt seg nye leitelisensar frå Israel for å starta drift på ulovleg tileigna palestinske sjøområde. Chevron og BP, samt Baku-Tsibili-Ceyhan rørlina (som norske Statoil er samarbeidspartner og 8.71% deleigar av) og kasakhiske Caspian Pipeline Consortium forsyner Israel med 8% av statens olje. Israelske Paz Retail and Energy Ltd. forsyner det israelske luftforsvaret med drivstoff til jagarfly.
Landbruksnæring
Landbruksindustrien har stortrivest med busetjar-landran, aktivt bygd ut marknadar og trekt til seg internasjonale investeringar, som inneber at palestinske matsystem vert utsletta og befolkninga oppfordra til å flytte.
Den i hovudsak kinesisk-eigde israelske matkjeda Triuva sin styreformann har innrømma at særleg meieriindustrien er ein av søylene i «settlement enterprise» (næringslivet i busetjingane). Selskap som Triuva skaffar seg varer frå kriminelle busetjingar og vinn på kampanjar som t.d. angrepa mot Gaza i 2014, som har auka palestinarane sin avhengigheit av den israelske meieriindustrien med meir enn 160 %.
Teknologien til Netafim — som er 80% meksikanskeigd — har vorte nytta til valdsam utbytting av palestinske vass- og landressursar. Samstundes samarbeider selskapet med israelske militærteknologiselskap og utviklar utbygginga si i koordinasjon med israelske ekspansjonsinteresser.
Palestinske bønder vert valdsamt utkonkurrert og i etterkant nekta tilgang til vatn- og landressursar. Irrigasjonsteknologien Netafim tek i bruk trugar med å tømme viktige vatnkjelder i Jordandalen og Daudehavet. Selskap som Triuva og Netafim styrker israelsk statsbygging og utbygginga av busetjingar, medan palestinarar vert tvungne i fattigdom og hungersnaud.
Detaljhandel
Den danske logistikk-giganten A.P. Moller- Maersk A/S er berykta for å frakte gods frå kriminelle busetjingar ut til verdsmarknaden (og våpenkomponentar frå resten av verda til Israel), medan berre få land skil mellom varer frå Israel og frå kriminelle busetjingar.
Franske Carrefour og amerikanske Amazon driv verksemder i kriminelle busetjingar og styrker dermed deira økonomi og utviding, samstundes som dei bidreg til apartheid gjennom diskriminerande tenestelevering.
Turisme
Reiseselskap som amerikanske Booking Holdings, Airbnb, og nederlanske Booking.com annonserer eigendommar og hotell i kriminelle busetjingar som bidreg til å styrke dei økonomisk. Der fremmer dei òg apartheid, samstundes som dei legitimerer busetjingane ved å fremme busetjar-narrativ.
Til dømes annonserer Airbnb eigendom i ei busetjing som i eit «warm and loving community»; ei rein kvitvasking av busetjar-valden som vert utøvd mot den palestinske nabobygda Tuqu.
Finans
Selskap i finanssektoren legg til rette for livsviktig finansiering til kriminelle statlege og korporative aktørar, trass i at mange av dei same selskapa har skrive under på Principles for Responsible Investment og United Nations Global Impact-avtalar.
Mellom 2022 og 2024 vaks det israelske militærbudsjettet frå 4.2 % til 8.3 % av bruttonasjonalproduktet (BNP); ei auke som skapte eit budsjettunderskot på 6.8 % (staten brukte meir enn han tente). For å kompensere, selde Israel statsobligasjonar til $ 8 milliardar og $ 5 milliardar i høvesvis mars 2024 og februar 2025. Nokre av verdas største bankar, franske BNP Paribas og britiske Barclays, skreiv under på obligasjonane for å auke tilliten frå marknaden og gi Israel dei beste rentetilboda etter at Moody’s nedjusterte kredittvurderinga av Israel, grunna usikkerheit rundt dei økonomiske vekstutsiktene til landet.
Forvaltingsselskap som amerikanske BlackRock, Vanguard og tyske PIMCO (Allianz) var blant 400 selskap frå 36 land som kjøpte opp statsobligasjonane og brukte høvesvis $ 68 millionar, $ 546 millionar og $ 960 millionar. Desse selskapa kanaliserer milliardar i statsobligasjonar til Israel, samt eig store andelar i selskap som er direkte involverte i okkupasjon, apartheid og folkemord.
Blackrock er nest største investor i kontroversielle Palantir (8.6%), Microsoft (7.8%), Amazon (6.6%), Alphabet (6.6%), IBM (8.3%), og tredje største i våpengiganten Lockheed Martin (7.2%) og Caterpillar (7.5%). Vanguard er største eigar av Caterpillar (9.8%), Chevron (8.9%), og Palantir (9.2%), og nest største i Lockheed Martin (9.2%) og Elbit systems (2.0%). For rådgiving brukar desse aksjeindekser, bankar og finanskorporasjonar som britiske FTSE Group, og amerikanske JPMorgan Chase og MSCI Inc.
Multinasjonale forsikringsselskap som franske AXA og tyske Allianz investerer også stort i aksjar og obligasjonar tilknytt okkupasjon og folkemord. Allianz eig minst $ 7.3 milliardar og AXA minst $ 4.09 milliardar i selskap som er namngitte i rapporten. Deira forsikringstenester har ikkje minst vore hjelpsame for å redusere risikoen til andre selskap som har investert i kriminelle busetjingar og set dei med det i stand til å bryte menneskerettane.
Statsformuar og pensjonsfond er også betydelege bidragsytarar. Det norske oljefondet har auka sine investeringar i israelske selskap med 32.9 % etter oktober 2023. Ved slutten av 2024 tilsvarte oljefondets investeringar i selskap som er namngitte i rapporten 6.9 % av verdien i fondet. Kanadiske Quebec innskot- og investeringsfond eig ca. $ 6.67 millioner i investeringar i namngitte selskapar. Til tross for deira etiske retningslinjer har fondet tredobla investeringane i Lockheed Martin, firedobla investeringane i Caterpillar, og tidobla investeringane i HD Hyundai.
Finanssektoren mogleggjer vidare finansiering for selskap gjennom lån og hjelp til å selje gjelda til selskapa. Mellom 2021 og 2023 forsynte BNP Paribas den italienske forsvarsindustrigiganten Leonardo med lån verdt $ 410, samt $ 5.2 milliardar verdt i lån og risikosikring ved sal av gjeld til FN-lista selskap. I 2024 forsynte Barclays $ 2 milliardar i lån og risikosikring ved sal av gjeld til FN-lista selskap, deriblant $ 862 milliardar til Lockheed Martin og $ 228 milliardar til Leonardo.
Tru- og religionstilslutta organisasjonar — The Jewish National Fund, Israel Gives, Christian Friends of Israeli Communities, Dutch Christians for Israel og internasjonale affilierte — speler òg ei nøkkelrolle som viktige finansieringskjelder for kriminelle busetjingar og prosjekt tilknytte det israelske militæret. Desse organisasjonane får skattefradrag på mottekne donasjonar, og pengane går hovedsakleg til utviding av busetjingar og våpentrening til busetjarar.
Kunnskapsproduksjon
Israelske utdanningsinstitusjoner, særleg akademiske avdelingar innan juss, arkeologi og Midtaustenhistorie, bidreg til å styrka ideologiske narrativ, utslette palestinsk historie og rettferdiggjera brotsverka Israel gjer mot palestinarane. Akademiske avdelingar innan vitskap og teknologi fungerer som forskings- og utviklingssenter for samarbeid mellom det israelske militæret og forsvarsindustrien, og bidreg til utviklinga av militært utstyr. Sentrale universitet utanfor Israel bidreg òg til forskning til militære formål. Det israelske forsvarsministeriet (IMoD) og Elbit Systems har finansiert våpen- algoritme-, og overvakingsresearch på MIT (Massachusetts Institute of Technology).
EU sitt utøvande organ Europakommisjonen (EC) fasiliterer aktivt samarbeid med israelske institusjonar, og har sidan 2014 gitt over $ 2.4 til israelske einingar, inkludert forsvarsministeriet.
Universitet som Technical University of Munich (TUM) mottar støtte på $12.6 millioner for 22 samarbeid med israelske militær- og teknologibedrifter. Dette inkluderer $868,416 til samarbeid med IAI om utvikling av teknologi relatert til dronar som vert brukt i Gaza, $7.71 millioner til samarbeid om skytenester med IBM Israel som handterar apartheid-folkeregisteret PIBA og $11.71 millioner til eit prosjekt kalla «seamless urban mobility». Sistnemnte omfattar mellom anna Jerusalem kommune, som bruker byutvikling og kollektivtransport som middel for å styrke annekteringa av Aust-Jerusalem.
University of Edinburgh samarbeider med selskap som som i tur støttar israelske militære operasjonar, inkludert Leonardo og Ben Gurion University, og eig $31.72 millioner i Alphabet, Amazon, Microsoft og IBM.
Det som gjer denne rapporten svært avslørande, er at den demonstrerer dei systematiske årsakene bak folkemordet mot palestinarane. Israel har alltid vore ein busetjarkolonialistisk etnostat som krev okkupasjon, apartheid og folkemord for sin statsbygging — men han kunne neppe vore så rabiat som han har vore og er i dag om ikkje det lønna seg for store multinasjonale selskap sine marknadsinteresser, eller om den sionistiske statens interesser ikkje stemte overeins med interessane deira. Albanese demonstrerer at okkupasjon, apartheid og folkemord er vanvittig lønnsamt for ein rekke industriar som produserer utstyr som kan brukast for koloniale formål; frå væpna bulldosarar og jagarfly av nyaste generasjon, til vesentlege ting som vatn og meieriprodukt — også dei mest grunnleggjande tinga blir nytta som våpen mot urfolk og koloniserte under imperialismen.
Tilsvarande kjem Albanese til den logiske konklusjonen at det å halda profitørane til ansvar må vera del av ein prosess med å demontere den rasifiserte kapitalismen som globalt system. Det er eit standpunkt eg og RK er samde i, og som solidaritetsrørsla burde omfamna. Samstundes, sjølv om Albanese sitt arbeid er viktig og nyttig, er det svært usannsynleg at forslaga om korleis ein faktisk skal gå fram med dette vil kome frå FN-rapportørar, no eller i framtida. FN-rapportørar er ikkje del av ein revolusjonær klasse. Per i dag omfattar FN-forslag hovudsakleg krav til diverse statar om å innføra sanksjonar mot Israel, men dei fleste borgarlege, og iallfall dei store imperialistiske statane, har ikkje insentiv til å gjera dette. Korleis denne motsetjinga skal handterast har enno ingen rapportør svart på. Det har berre kommunistane. Dei som har både interesse av og moglegheita til å omsetja dette til handling er den internasjonale arbeidarklassen, som må anerkjenne at årsaka til folkemordet mot palestinarane ikkje er dårleg politikk men rein kapitalistisk logikk, og at frigjeringa av palestinarane er knytt saman med vår eiga frigjering som klasse.

