Dette innlegget er ein nyhetsartikkel. Redaksjonen står ansvarleg for innhaldet, men eventuelle synspunkt er skribenten sine eigne.
Av kamerat Ulrik.
Georges Ibrahim Abdallah er ein libanesisk kommunist og geriljakjemper, samt Europas lengste politiske fange, fengsla av den franske staten sidan 1984. Han har vore berettiga for lauslating sidan 1999, men fleire søknadar om lauslating har blitt sabotert av forskjellege aktørar. Han er dermed eit sårt eksempel på den barske represjonen anti-imperialistar, anti-sionistar og kommunistar blir møtt med.
Før engasjementet i frigjeringskamp var Abdallah skulelærar. Han blei skada under den kriminelle israelske invasjonen av Libanon i 1978, og blei deretter med i å grunnleggja LARF – Lebanese Armed Revolutionary Factions; ei avgreining av palestinske og marxist-leninistiske PFLP. LARF var hovedsakleg aktiv mellom 1979 og 1988. I løpet av denne perioden deltok organisasjonen i den breiare regionale kampen mot imperialismen, hovedsakleg sionismen og US-imperialismen i Palestina og Libanon. Gruppa fekk mykje støtte etter massemorda mot palestinske flyktningsleir Sabra og Shatila i 1982, begått av libanesiske kristenfascistar under tilsyn av den israelske okkupasjonsmakta.
I 1984 blei Abdallah tilfeldigvis stoppa av politi i Frankrike og derpå arrestert for å eiga forfalska pass. Deretter fekk han ei livtidsdom for anklaga medskyld i drapa på den amerikanske offiseren Charles R. Ray, den israelske diplomaten Yaacov Bar-Simantov, og eit mislukka drapsforsøk på den amerikanske tenestemannen Robert O. Homme som forekom i 1982. Det er uklart og ikkje poenget om Abdallah var involvert i i aksjonene. LARF tok ansvar for drapa og drapsforsøka, og la til at desse var hevn for massemorda i Sabra og Shatila.
Abdallah har vore godkjent for prøvelauslating sidan 1999, men fleire søknadar om lauslating har blitt nekta for eller sabotert av funksjonærer. Ei innvilga prøvelauslating i 2003 blei blokkert av det amerikanske utanriksdepartementet. Retten hans å søke om lauslatingsdato har blitt fornekta 5 gongar, og etter desse tilfella har lova blitt endra slik at han frå 2008 ikkje lenger kunne søka. I 2013 blei han, igjen, godkjent for prøvelauslating på føresetnad om eksil i Libanon; men før det amerikanske utanriksdepartementet rakk å blokkere det, blei godkjenninga sabotert av den franske då-innenriksministeren Manuel Valle. Som siste ledd i lauslatingsprosessen, nekta Valle å skrive under på godkjenninga. Sidan den gong er det blitt kjent at amerikanske då-utanriksminister Hillary Clinton hadde kontakt med den franske utanriksministeren om å stoppe lauslatinga.
I fjor juni søkte den libanesiske staten om frikjenning av Abdallah. Den 15. november 2024 ble Abdallah beordret frikjent av ein fransk domstol, igjen med føresetnad av at han måtte forlate Frankrike. Franske antiterroraktorar protesterte mot frikjenninga hans, til forarging av fleire libanesiske parlamentsmedlem, med grunnlag i at han ikkje har endra sine politiske syn. Lauslatinga hans, som var planlagt til den 20. februar, blei dermed utsatt til eit nytt rettsmøte den 19. juni. Ei endeleg høyring blei den gong planlagt til den 17. juli.
Den egyptiske advokaten Georges Abi Saab påstår at Frankrike er lei av den aktuelle rettssaka, som dei har vert pressa av USA til å oppretthalde lenge etter Abdallah sona straffen sin. Sidan november har det vore fleire markeringar på tvers av Europa i solidaritet med Georges Abdallah, som krev hans ubetinga og umiddelbare lauslating. Abdallah er i dag 74 år, og har dermed tilbrakt meir enn halve livet sitt i fengsel.

