Haaretz: Israel vil byggja «den mest moralske konsentrasjonsleiren i verda»

Dette innlegget er ein nyhetsartikkel. Redaksjonen står ansvarleg for innhaldet, men eventuelle synspunkt er skribenten sine eigne.

Oppdatert med korrektur 16. juli 2025.


Av kamerat Ulrik.

Israel Wants to Build the Most Moral Concentration Camp in the World, lyd ein sarkastisk og fordømande leiarartikkel frå den israelske avisa Haaretz 1. Innlegget kom for 2 dagar sidan og er meint som kritikk mot forsvarsministeren Israel Katz sin kunngjorde plan om å oppretta ei «humanitær by» i Rafah, der overlevande palestinarar i Gaza skal «oppfordrast» til å «frivillig emigrere».

Til å byrja med er planen at 600,000 palestinarar skal flyttast frå Al-Mawasi området til ein sone sør i Rafah. Etter forflyttinga skal desse gjennom «sikkerheitskontroll» og får ikkje løyve til å forlate byen. Planen er å trinnvis forflytta heile befolkninga i Gaza til dette området, som del av ein breiare kampanje om å etnisk rense Gaza.2

Byen skal etter planen opprettast under ein potensiell 60-dagars våpenkvile som Israel og Hamas forhandlar om for tida. Katz legg til at IDF skal sikra området rundt, men at dei ber ikkje namngitte «internasjonale partnarar» om å kontrollera det. Tidlegare har «internasjonale partnarar», i lag med IDF, opna ild mot palestinarar i matkø.34

I mellomtida held motstanden fast på at føresetnadane for våpenkvila så langt er urettferdige, og yter motstand i forhandlingane. I løpet av den siste veka har det blitt rapportert om fleire vellykka aksjonar frå motstanden mot okkupasjonsmakta.56

Prosjektet skal ikkje minst «oppfordra» palestinarar til å reisa frå Gaza til utlandet. Planen minner om Trump sine ambisjonar, kunngjorde i februar, om å «ta over» Gazastripa» og gjera ho om til «Midtaustens Riviera» – ei fullskala oppfordring til folkemord.2

Fleire ekspertar i folkerett framhevar at planen bryt med Genève-konvensjonen på fleire punkt, og kallar forslaget til Katz for etnisk rensing og ein ambisjon om å byggja konsentrasjonsleir. Dei same ekspertane, så vel som andre, understrekar at det er ingenting frivillig med desse planane, då det er Israel som skapar omstenda som tving palestinarar å velja mellom flukt eller død.

gaza map rafah new city planned israel camp
Biletkjelde: https://www.middleeasteye.net/explainers/israel-planned-new-city-rafah-concentration-camp-explained.

Det er verd å framheva at Gaza definisjonen av ordet allereie har vore ein konsentrasjonsleir i lang tid. Britannica sin definisjon av omgrepet lyd slik (mi omsetjing frå engelsk):

«Konsentrasjonsleir, interneringssenter for politiske fangar og medlemmar av nasjonale minoritetar som er innesperra av om syn til staten sin tryggleik, utnytting eller straff, vanlegvis etter utøvande regjeringsdektret eller militærordre. Personar vert ofte plasserte i slike leirar på grunnlag av identifikasjon med ei bestemt etnisk eller politisk gruppe snarare enn som individ, og utan å ha fått verken tiltale eller ei rettferdig rettssak. Konsentrajsonsleirar skil seg frå fengsel som internerer personar som er lovleg dømte for sivile brotsverk og frå krigsfangeleirar der fanga militært personell blir haldne i samsvar med lovane for krigføring. Dei skal også skiljast frå flyktningsleirar eller internerings- og omplasseringsleirar for midlertidig innkvartering av ei stor mengd fordrivne personar«.7.

Avhengig av korleis ein tolkar definisjonen, er det mogleg å tidfesta når Gaza vart til konsentrasjonsleir på tre forskjellege måtar:

  1. 1967, då Israel tok komplett militær kontroll over Gazastripa etter Seksdagarskrigen, og den palestinske befolkinga blei underlagt militær lov. Som del av okkupasjonen vart mange i Gaza statslause, offer for kollektiv straff, fråtatt juridiske rettar og underlagt strenge portforbod.
  2. 1987, etter at den fyrste intifadaen brøyt ut. Israel reagerte med å skjerpa portforbodet, massefengsling, tortur og drap, samt med å fråta eller avgrensa tilgangen til mat, drivstoff og andre nødvendigheiter. Mange fekk arbeidsløyva sine tatt frå seg, og Israel byrja å systematisk øydeleggja hus.
  3. 2007, då Israel innførte ei fullstendig blokade av Gaza, etter å ha trekt ut militære styrkar og busetjarar året før. Land-, luft-, og sjøgrensene vart stengde og kontrollerte av det israelske militæret, så vel som vareomsetjing og import. Særleg vatn, mat, medisin, elektrisitet og rørsler vart underlagt komplett kontroll og overvaking.

Gaza har vore offer for stadige dødelege åtak sidan, som i 2008, 2012, 2014, 2018, 2021 og 2023. I verkelegheita har åtaka vore uavbrotne heilt sidan Gaza først vart okkupert; og dei angitte åra markerer berre større, «offisielle» offensivar. I verkelegheita har Gaza altså vore ein konsentrasjonsleir lenge. Sidan 2023, og særleg no, har dette blitt intensivert i den grad at sjølv enkelte sionistar, som i Haaretz, ikkje klarar å sjå forbi det lenger.

  1. https://www.haaretz.com/opinion/editorial/2025-07-10/ty-article-opinion/israel-wants-to-build-the-most-moral-concentration-camp-in-the-world/00000197-f0b3-d963-addf-f4b7029a0000[]
  2. https://www.middleeasteye.net/explainers/israel-planned-new-city-rafah-concentration-camp-explained[][]
  3. https://www.middleeasteye.net/trending/fury-online-ap-reveals-us-contractors-fired-gaza-civilians-aid-sites[]
  4. https://www.prisoncensorship.info/archive/etext/wim/sio.html[]
  5. https://www.aa.com.tr/en/middle-east/hamas-claims-new-attack-on-israeli-soldiers-in-southern-gaza/3627555[]
  6. https://www.albawaba.com/news/watch-hamas-fighter-throws-explosive-1608527[]
  7. https://www.britannica.com/topic/concentration-camp[]

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.