Dette er en signert artikkel. Vi holder nettsidene våre åpne for revolusjonær marxistisk debatt. Signerte artikler uttrykker forfatterens eget synspunkt. Dette kan avvike noe fra synspunktene til RK eller redaksjonen.
Av kamerat Ulrik.
Fengselsdom mot palestinaaktivist i Noreg
Fredag den 27. juni ble Ole Bertehus Sørensen, 26, dømt for grovt skadeverk mot eit vedlikehaldsbygg for norske og b.a. israelske F-35 jagarflydelar som tilhøyrar Kongsberg Aviation Maintenance Services (KAM). Det har lenge vore offentleg informasjon at norske F-35 delar endar opp i bruk av det israelske militæret under det pågåande folkemordet mot palestinarane. For aksjonen sin frå forrige vår er Sørensen dømt til 9 månadar i fengsel og ei skadeerstatning på 750.000NOK delt mellom Kongsberg Aviation Maintenance Services (KAM) og Norges Bank. Den siste var målet til ein aksjon kvar Sørensen spraya raudmaling på eit lokale for å symbolisera bankens medskyld i folkemordet mot palestinarane gjennom investeringer i Israel. Det er Norges Bank, spesifikt avdelinga Norges Bank Investment Management, som handterar Oljefondet, som enno eig investeringar i selskapar tilknytt kriminelle israelske busetjingar verdt over 200 milliardar NOK.
Oljefondets Israel-investeringar spel ei stor rolle i det å styrkja og normalisera Israel og i å tilrettelegga for at kriminelle busetjarar kan fortsetja å okkupere nye områdar i Palestina i rasande tempo, særleg på Vestbreidda kor det bur over 500,000, og 200,000 fleire i Aust-Jerusalem. I 2024 blei det oppretta rekordmange nye busetjingar med heile 61; eit 100%-auke frå 2023, og over eit 200%-auke frå snittet gjennom åra. Den imperialistiske norske staten er langt meir enn berre delaktig i folkemordet mot palestinarane gjennom både indirekte våpen- og bombesal, og investeringer i selskaper som profitterer av dei kriminelle busetjingane og deira utbyggjing. Regjeringas tomme fordømmingar ten ingenting anna enn det å forsøke å distrahera frå det.
Tilsvarande påberopte altså Sørensen seg naudrett og nekta straffeskyld i retten. Det er openbart at den norske staten sin medskyld i folkemordet mot palestinarane må stoppast for ein kvar pris, og at det er heilt andre enn Sørensen som burde bli stilt for retten. Forslag om å stoppe vidaresalet av rakettkastar- og jagarflykomponenter, som er blitt bekrefta brukt i Gaza, til Israel gjennom USA, samt fleire ulike forslag om boikott mot Israel har ikkje lukkast på Stortinget grunna ei foreina høyreside, inkl. Arbeidarpartiet med sin framskridne høgredreiing. Er det ikkje nettopp dei norske politikarane som nekter medskylda i folkemordet og stem ned Stortingsforslag om tiltak å stoppe handel med Israel, og dei store norske kapitalistane som ten på den som burde bli stilt for retten for delaktigheit i forbrytelser mot menneskeheten?
Det er heilt korrekt av Sørensen å avvise straffeskyld, erklære naudrett, anke domen, samt å ta saka til menneskerettsdomstolen i Haag om det skulle bli aktuelt. Den norske staten, som sløser sine ressurser på det reine hykleriet som er det å straffeforfølge fredsaktivister framfor krigsforbrytarar og folkemordarar, som det har vore fleire anledningar til i Noreg allereie, burde fordømast. Folkemordarar som f.eks. Hananya Naftali eller Yoseph Haddad som besøkte Noreg tidlegare i år, gjekk fritt med tungtvæpna politibeskyttelse, mens dei få som tar til direkte handling om å forstyrre daudsmaskina blir overvåka og risikerar livsruinerande bøter og fengselstraff. På den andre sida blei ei fengelstraff for 3 andre aktivister som med rette utfordra FrPs Sylvi Listhaug om hennas haldning til Israel blei så vidt unngått etter massemobiliseringer gjennom landet, men saka er enno planlagt anka av Listhaug sin forsvarar. Demonstrantar utanfor den israelske ambassaden i Oslo blei møtt med uprovosert politivold den 9. juni – tendensen er tydeleg.
Ansvaret om å stoppe Noregs delaktigheit i det pågåande folkemordet fråskriv LO-leiinga seg og Stortingsfleirtalet seg, og enkeltindivid aleine kan kun oppnå så mykje før dei blir satt ut av spel. Istadenfor må palestinasolidariteten bli omfamna som den arbeidarkampen saka verkeleg er. Fleire arbeidarorganisasjonar i Europa, b.a. i Sverige, Belgia, Frankrike, Italia og Hellas har demonstrert dette ved å nekta å laste transport på veg til Israel i fleire tilfelle. Eit vagt LO-vedtak som gjer boikott av Israel til berre ein abstrakt, potensiell, og svært betinga eventualitet framfor eit umiddelbart naudsyn held ikkje for å etterkoma ansvaret me har i solidaritet med Palestina. Dette er kjerna til korfor «Palestinasaka» er ei arbeidarsak – eitt av dei mange fasongane til den internasjonale klassekampen. Den er ikkje ei «sak» som reformister skal vinne progressive stemmer under val, men ei som må innlemmast i kampen om å styrta imperialismen, dvs. kapitalismen.
PalAction kriminalisert og terrorstempla i Storbritannia
Den britiske protestgruppa PalAction nyleg blitt kriminalisert og terrorstempla av den britiske staten, i samsvar med ‘Terrorism Act 2000’. Medlemskap i eller berre offentleg støtte til organisasjonen skal no kunne straffast med opptil 14 år i fengsel. PalAction har dei siste åra hovudsakleg via seg til direkte aksjon i form av materiell sabotasje mot selskapar som forsyn den israelske okkupasjonsmakta med våpen. Eit primært mål har vore israelske Elbit Systems – produsenten til opptil 85% av det israelske militæret sine våpen – som har fleire lokalar i England og som PalAction har fått til å midlertidig stenge ned fleire av.
Beslutninga å kriminalisere og terrorstemple PalAction er ekstremt problematisk, og FN-eksperter varsla mot å gå gjennom med vedtaket og framhev spesifikt at anti-terrorisme lovar ikkje burde «misbrukast» i tilfellet med PalAction, då gruppa ikkje oppfyll krava til kriminalisering satt av Terrorism Act 2000.
Mest oppsiktsvekkande for solidaritetsrørsla, er domen eit hardt angrep mot grunnleggjande demokratiske rettar som ytringsfriheita, organiseringsrett, og retten til å protestera, då berre det å uttrykke støtte til PalAction skal kunne straffast med opptil 14 år i fengsel. Nesten 30 demonstrantar er blitt fenglsa i England etter dei protesterte mot den nye loven dagen etter den blei iverksatt, mens nettopp britiske våpenselskapar som har selgd våpen til Israel til trass for eksportforbod blir verna gjennom loven. På lik måte som i Noreg, blir krigsprofittører og folkemordarar tatt i forsvar mens dei som prøver å halda dei til ansvar straffast.
Domen skapar fleire problematiske presedensar. For det eine, lovfestar den i praksis for at all motstand mot statleg vald dømmes som vald for seg sjølv. For det andre, opnar lova for vilkårleg tolking frå myndigheitene. Det vil sei at, sjølv om domen gjeld PalAction og støtteuttrykk for PalAction, så er det svært antakeleg at også palestinaaktivistar som t.d. uttrykker solidaritet med Palestina men ikkje PalAction vil bli forfulgt og potensielt straffa. Nokre av dei nemnde arresterte blei nettopp arrestert basert på mistanke og ikkje eksplisitte uttrykk. Dette er enno eit auke i den uproporsjonelle represjonen den palestinske solidaritetsrørsla allereie har blitt møtt med i Europa og Nord-Amerika gjennom åra, og særleg sidan 2023. Me har allereie vitna til oppblåsne fengselsstraffer og bøter mot inviduelle aktivister; både dei som held seg til begrensa symbolsk protest og dei som tar til materiell solidaritet. Kriminaliseringa og terrorstemplinga av PalAction kan ikkje forståast som noko anna enn eit angrep mot heile den anti-imperialistiske rørsla og breiare arbeidarklassen i Europa.
Den nye lova demonstrerer tydelege klasseinteresser. Elbit Systems er eit lukrativt selskap for den britiske forsvarsindustrien, og protestforma til PalAction har tydelegvis vore noko effektiv i å forstyrre kapitalflyten til denne industrien. Særleg den matierielle sabotasjen av bygg kostar mykje i reparasjon, som kan gjera det langsiktig ulønnsamt å oppretthalde fabrikkar i England med mindre den britiske staten set eit stopp for det. Det kan tenkjast at aksjonane deira sjølv skapa ein presedens blant protestrørsla om kva lengder det er aktuelt å gå til for å prøva å forstyrre krigsmaskina, noko som bryt med dei etablerte grensane til liberale protestformar og fremstiller ein trussel for våpenoligarkane om rørsla skulle finne på å organisera arbeidarar.
I den parlamentariske verda veit me at både Labour 1 2, 3, https://www.declassifieduk.org/labour-mps-have-accepted-over-280000-from-israel-lobby/)), og Conservative 4, 5, 6 partia mottok finansiell støtte frå individ og organisasjonar med tilknytningar til Israel-lobbyen og forsvarsindustrien, som gjer den nye loven lite overraskande. Men viktig å understreka er at lobbyen er ikkje eit framad lekam som utøver påverknad i motsetjing til den britiske statens ynskjer og behov, men ein kjernemekanisme for å fremja og verna imperialistiske interesser i parlament – på lik linje med all anna lobbyverksemd. I den forstand skil Israel-lobbyen seg relativt lite frå f.eks. styremedlem i NorgesGruppen som donerer millioner til FrP. Så lenge det borgarlege demokratiet har eksistert, har oligarkar finansierert plattforma og karrierene til utvalgte funksjonære for å fremme sine interesser innanfor «demokratiske» rammer. Israel-lobbyen er ikkje unik i funksjon, men berre i tema og med sitt historiske narrativ.
Lik som i Noreg, trengs det i Storbritannia revolusjonær organisering som tar palestinasolidariteten i eigne hender istadenfor å fortsetja å forventa at den borgarlege staten skal motseia sine eigne interessar om me berre stiller krava lenge nok. Arbeidarane er allereie dei som produserar og transporterar – det trengs berre organiseringa til at dei inntar kontrollen over produksjonen, og avbryter støtta folkemorderstaten Israel sjølv. Men også her står kamp med alle statens organar – domstolane, politiet, media, etc. – i vente. Palestinasolidariteten er og har alltid vore ein klassekamp på fleire nasjonale frontar.
‘Kneecap’ og ‘Bob Vylan’ blir politiforfulgt for palestinasolidaritet
Musikkgruppane ‘Kneecap’ og ‘Bob Vylan’ er blir aktuelt undersøkt av politiet for sine kommentarar i solidaritet med den palestinske motstandskampen på Glastonbury musikkfestivalen. Under sine opptredener ropte frontmannen til Bob Vylan «Free, free Palestine» og «Death, death to the IDF», kommenterte at han jobba for ein «fucking Zionist» under festivalen og veia eit palestinsk flagg på scena. På tvers av borgarleg media har Vylan blitt anklaga for antisemittisme og hatfulle ytringar, og USA trakk tilbake visaen hans.
Irske Kneecap fulgte etter Bob Vylan og ropte slagord som «Fuck Keir Starmer» og uttrykte entusiasme for dei mange palestinske flagga i publikum. Ytterlegare håna bandmedlem Liam Óg Ó aHannaidh politiets sikting av han for eit antekeleg terrorlovbrot. Domen handla om slagorda «up Hamas, up Hezbollah» som han ropte på konsert tidlegare i år 7.
Kva fortel dette oss?
Dobbelstandarda som både den norske og britiske staten demonstrerer er ikkje tilfeldige, konsekvenser av inkompetens, eller irrasjonelle. Dei gir fullstendig meining innanfor rammeverket til kapitalistiske «demokrati», og demonstrerar av og til betre naudsyna til sosialisme enn me sjølv kunne ha gjort i ord.
Staten er ikkje nøytral. Han er ein institusjon opprinneleg laga for å beskytta dei velståande sin privat eiendom og kapital, noko som forutset oppretthaldinga av lønnsame industriar slik som våpenindustrien, lekamleggjort av Elbit Systems eller Kongsberg. Kor mykje død og forderving dei forårsakar og bidreg til er ikkje ei vurdering så lenge det er lønnsamt, og våpenindustrien skapar massive gevinstar for sine eiarar blant oligarkane og deira stadfortredarar på Stortinget. Våpenindustrien (det militærindustrielle kompleks) er ein av søylene til den imperialistiske verdsøkonomien – ein essensiell del av eit økonomisk system som skapar uunngåelege krigar, og naturlegvis gjer seg desse til ei kjelde for profitt. Her viser staten sin sanne rolle: beskyttelsen av kapitalen.
Vidare avdekk eksempelet med Sørensen og PalAction grensene til organisering og aktivisme i kapitalistiske demokratier. Ytringsfriheit, forsamlingsfriheit, og rett til å protestere blir oppheldt så lenge dei ikkje trugar kapital, og sjølv her vitnar me stadig fleire unntak. Augeblikket motstand blir nokolunde effektivt, som gjennom direkte aksjon, knyter desse rettane seg til mens domstolane, politiet, og media slår seg saman om å fremja eit narrativ for å førebyggja effektive rørsler. Hetsa og skremselspropaganda me ser i media den vilkårlege og uproporsjonelle represjonen politiet utøver, terrorstemplinga og kriminaliseringa frå domstolar er forskjellege ledd i samme prosess. Dette fortel oss noko om den naudsynte organisasjonsforma me treng – ikke protesterande individ eller saboterande smågrupper, men organiseringa av proletariatet og allierte, som eg skildra har både interessen og makta til å endre statuskvo. Av denne er allereie stadig større delar i mange land engasjert i palestinasolidariteten.
I andre ord fortel den aktuelle situasjonen oss korfor sosialismen er naudsynleg. I kapitalismen beskyttast folkemordarar fordi dei skapar profitt og straffast fredsaktivistar fordi dei hem profitt. Det skjer ikkje på grunn av dårleg, inkompetent eller uempatisk leiing, men fordi folkemord er svært lønsamt og til og med naudsynleg i eit økonomisk system må skape stadig større profitt og skapar uunngåelege krigar. I sosialismen derimot, skal samfunnsproduksjonen gå til behov og ikkje profitt, og den kunstige krigsindustrien blir overflødig. Produksjonsmidlane og produkta – det inkluderar t.d. våpenproduksjonen – blir underordna arbeidaranes demokratiske og behovretta kontroll, og ikkje dei haukeaktige oligarkane og krigsprofittørane sin diktatoriske og profittsøkjande kontroll.
- https://www.opendemocracy.net/en/dark-money-investigations/keir-starmer-labour-party-quadrature-donation-arms-companies-israel-war-gaza/[↩]
- https://www.thenational.scot/news/25280801.group-mps-accept-cash-israeli-weapons-firm/[↩]
- https://www.declassifieduk.org/israel-lobby-funded-half-of-keir-starmers-cabinet/[↩]
- https://labourpartywatch.co.uk/electoral-fraud/conservative-party-took-1-3m-from-a-donor-group-linked-to-israeli-settlements/[↩]
- https://www.declassifieduk.org/nine-tory-mps-accept-israel-lobby-money-amid-gaza-genocide/[↩]
- https://www.declassifieduk.org/israel-lobby-funded-a-third-of-conservative-mps/[↩]
- https://www.bbc.com/news/articles/cx2qq2n3800o[↩]

