Uttaling frå Revolusjonært Kommunistisk Forbund (RK), vedtatt 7. juni 2025.
Jawad H. (26) flykta til Noreg då han var 14 år. Før han kom til Noreg, hadde han vore på flukt sidan han var 8 år gamal, med midlertidige opphald i Pakistan og Iran. Faren hans blei drepen under flukta i Pakistan då Jawad var 11 år, og mora og syskenbarna hans er framleis ulovlege flyktningar i Pakistan i dag.
No har UDI (Utlendingsdirektoratet) beordra at Jawad skal utvisast frå Noreg. Til botn for dette ligg klagemål for at han skal ha loge om opphavet sitt, at han skal vere frå Pakistan og ikkje Afghanistan. Jawad har dei siste åra overført pengar til familien sin via eit pakistansk ektepar, sidan familien hans ikkje har tilgang til banktenester utan opphaldsløyve og ID. Mottakaren til overføringane er ei Fatima Hussein, og mora til Jawad heittar Fatima Hossaini – desse er veldig vanlege namn i både Afghanistan og Pakistan. Mannen til Hussein, som blir skulda for å vere faren til Jawad, og namnet Jawad oppgav om sin faktiske far er forskjellege.
I mellomtida har Jawad tilbudt UDI komplett samarbeid og transparens. Sjølv har han gått så langt som å føreslå DNA-testing av seg og slekta, for å bevise at det pakistanske ekteparet ikkje er foreldra hans, slik klagemåla frå UDI lyd. UDI har nekta for dette, med grunngjevinga at det er «komplisert og unødvendig for saken». I fjor vår fekk Jawad tilbakekalt oppholdsløyvet sitt, avslag på søknad om statsborgarskap som han venta på sidan han søkte tidleg i 2022, og at han har fått ein endeleg utreisefrist til den 18. juni. UDI er rask på avtrekkeren, men manglar bevisgrunnlag for klagemåla sine og trugslane om utvisning.Dette er ikkje eit eingongstilfelle, men eit av mange der den norske stat forsøker å kriminalisere og stigmatisere folk med utanlandsk opphav, særleg frå utanom Europa. Anten det skjer gjennom politivald, overvaking, nekting av statsborgarskap, eller vilkårlege utvisningar, så er bodskapen tydeleg: immigrantar og rasifiserte folk skal alltid hugse at dei er gjester på vilkår, og aldri fullverdige medlem av samfunnet. Opphaldet til Jawad i Noreg – livet han har bygd her – står i fare fordi staten vilkårleg kriminaliserer opphavet til immigrantar.
Eksempelet Jawad avdekkjer den sanne hensikta til det «nøytrale» byråkratiet… UDI påstår å følgje reglar og prosedyrar, men det dei eigentleg gjer, er å føre krig mot nokre av dei mest sårbare i samfunnet. Mellom snakk om dokument, retningslinjer og truverd, ser me at staten leikar med liv. Ingenting Jawad har gjort ligg til botn for den beordra utvisninga, men kun rein mistanke, rasistisk fordom, og makta å ta til handling basert på dette. Det er ikkje inkompetanse, men grusomheit med ei klar hensikt – staten stadfestar at den kan mistenke og gå etter kven dei vil, og dei som avvik frå den magre norma til nasjonal tilhøyrsle er lette bytte.
RK står i fullstendig solidaritet med Jawad, og alle som vert truga av den institusjonelle rasismen til den norske staten. Me fordømmer den norske staten, som gøymer sin rasistiske undertrykking bak ein fasade av reglar, retningslinjer, og papirarbeid. Jawad er del av vår klasse og vårt samfunn. Me oppfordrar Bergen til å mobilisere for å beskytte Jawad sin rett å bli i Noreg. Ingen er ulovleg!