Uttalelse fra Revolusjonært Kommunistisk Forbund (RK), vedtatt 25. mai 2025.
Det mest dyrebare mennesket eig, er livet. Vi har berre eitt liv, og vi må leva det slik at det ikkje er altfor pinefullt å tenkja tilbake på mållaust gjennomlevde år, at ein ikkje skammar seg over ein ussel og småleg fortid, at ein kan seia når ein dør: heile livet og alle krefta mine har eg gitt til det vakraste i verda — kampen for frigjeringa av menneskja.[1]Nikolaj Ostrovskij, Hvordan stålet ble herdet, 1936. Vår omsetjing til nynorsk etter Oktober-utgåva, 1972.
Onsdag 21. mai vart det kjent at generalsekretæren for Indias kommunistiske parti (maoistisk) er drepen saman med 27 andre aktivistar i eit raid i Abujhmad-området. Indias innanriksministar Amir Shah gliser føre kameraa, og erklærer aksjonen eit «gjennombrot» i «kampen mot naxalismen». Raidet var ein del av operasjon Kagaar, det siste stadiet i den indiske staten sin krig mot eige folk.
Vi fordømmar drapa mot dei 28 aktivistane på det sterkaste, så vel som det hindutva-fascistiske regimet til Modi, som baserer seg på kasteundertrykking, etnisk sjåvinisme og samarbeid med imperialistisk kapital. Vi sender våre solidariske helsingar til CPI (Maoist), Geriljahæren for folkets frigjering (PLGA) og familiane til dei drepne.
Som kamerat Ajith påpeika i utsegna si sist fredag, er ikkje dette fyrste gong IKP (maoistisk) har mista ein viktig leiar.[2]https://www.redspark.nu/peoples-war/india/in-memory-of-comrade-basavaraj-a-statement-by-comrade-ajith/ Den nydemokratiske revolusjonen kjem frå massane, ikkje frå enkeltindivid. Enkelte leiarar kan forsvinna, men revolusjonen vil halda fram. Vi har full tru på at IKP (maoistisk) vil fostra nye leiarar som kan føra kampen vidare til siger.
Offera til kamerat Basavaraj og dei mange andre som har gitt alt for folket, vil aldri bli gløymd. Dei vil tena til inspirasjon for revolusjonære rundt heile verda.
Noter
↑1 | Nikolaj Ostrovskij, Hvordan stålet ble herdet, 1936. Vår omsetjing til nynorsk etter Oktober-utgåva, 1972. |
---|---|
↑2 | https://www.redspark.nu/peoples-war/india/in-memory-of-comrade-basavaraj-a-statement-by-comrade-ajith/ |