Dette er en signert artikkel. Vi holder nettsidene våre åpne for revolusjonær marxistisk debatt. Signerte artikler uttrykker forfatterens eget synspunkt. Dette kan avvike noe fra synspunktene til RK eller redaksjonen.
Av Tore B.
Merknad frå forfattaren: Innlegget vart opphavleg skrive som del av ein intern diskusjon i RK. Eg har gjort små justeringar i teksten før publisering.
Sosialismen er vegen, ikkje målet
Eg har blitt bedd om å forklara korfor eg meiner det må finnast eit «overgangssamfunn» mellom kapitalismen og kommunismen…
Eg tek først utgangspunkt i at kommunismen er ein radikalt annan produksjonsmåte og eit radikalt anna samfunn, som er kjenneteikna av:
- At den samfunnsmessige produksjonen føregår etter ein felles plan. Anarkiet i den kapitalistiske produksjonen er oppheva.
- At samfunnet ikkje lenger er kløyvd i klassar.
- At det ikkje lenger er trong for ei framand makt som står over samfunnet og grip inn i kampen mellom klassene. Staten er visna bort.
- At konfliktane mellom by og land, mellom dei som styrer og dei som blir styrte over, og mellom manuelt og intellektuelt arbeid er oppheva.
- At kvart samfunnsmedlem bidrar etter evne og får etter trong. Vareproduksjonen er oppheva, og verdilova har slutta å fungera. Produkta av menneskeleg arbeid fungerer som bruksverdiar, ikkje som varar (byteverdiar).
Eg tek òg som premiss at arbeidarklassen må vera den drivande krafta i revolusjonen som gjer slutt på det kapitalistiske samfunnet og startar overgangen til kommunismen. Arbeidarklassen må knusa den borgarlege staten, organisera sitt eige klasseherredømme (proletariatets diktatur) og halda borgarskapet nede med tvang.
Korfor «overgangssamfunn»?
Det er ikkje mogleg å gå frå det kapitalistiske samfunnet til det kommunistiske samfunnet i eitt slag. Det er fleire grunnar til dette, mellom anna:
- At sosialiseringa av produksjonsmidlane må gå gradvis. Dei viktigaste kommandohøgdene i økonomien kan eksproprierast i eitt slag (finanssektoren, transportsektoren, dei store daglegvarekjedene, strømdistribusjonen), men småeigendommen må sosialiserast gradvis gjennom ulike overgangsformer: først mindre kooperativ, deretter større kollektiv, og til slutt full integrasjon i den samfunnsmessige planen.
- At overgangen til fullstendig kommunisme kan berre skje på verdsnivå. Så lengje revolusjonen berre har sigra i eitt eller nokre få land, er det sannsynleg at dei sosialistiske landa (i mangel av eit betre ord) vil måtta driva avgrensa handel med den kapitalistiske omverda.
- At overgangen til kommunismen også inneber ein revolusjon i måten vi tenkjer på og forheld oss til kvarandre på. Dette er ikkje gjort i ei handvending, men vil sannsynlegvis vera ein prosess som går over fleire generasjonar — i rykk, napp og bølgjer med midlertidige tilbakeslag, deretter raske framgangar osv. osv.
Dei to viktigaste historiske forsøka på å avskaffa kapitalismen og starta overgangen til kommunismen var den sovjetiske erfaringa og den kinesiske erfaringa. Eg meiner det gir meining å forstå Sovjetunionen og Kina som «overgangssamfunn».
Vi kan sjå på Sovjetunionen i 1924 — årstalet er valt nokså vilkårleg. Vi kunne like så greitt sagt 1921, 1928 eller 1933. Var Sovjetunionen i 1924 eit «kommunistisk samfunn»? Nei, fordi det fanst enno klassar, kløyving mellom manuelt og intellektuelt arbeid, vareproduksjon etc.
Var Sovjetunionen då eit kapitalistisk samfunn? Nei, så enkelt er det ikkje heller. I industrien rådde statsmonopolkapitalisme, og i jordbruket var det semi-kapitalistisk småproduksjon som dominerte, så langt eg kan skjøna. Men det sovjetiske samfunnet var likevel noko vesentleg anna enn det kapitalistiske Tyskland, USA, etc. Staten var organisert som ein arbeidarrådsrepublikk, det revolusjonære proletariatet sitt parti var den leiande politiske krafta i landet, proletariatet var på offensiven i klassekampen, og tendensen var at samfunnet utvikla seg i sosialistisk/kommunistisk retning. Eg meiner det då gir meining å kalla dette eit «overgangssamfunn» — ikke eit kapitalistisk samfunn i eigentleg meining, og heller ikkje eit fullstendig kommunistisk samfunn, men eit samfunn som er i ferd med å utvikla seg frå det eine til det andre.
Korfor er konseptet om overgangssamfunnet nødvendig? Korfor kan vi ikkje berre snakka om proletariatets diktatur? Eg meiner det er fleire grunnar til dette:
- Omgrepet «proletariatets diktatur» seier oss kva klasse som herskar og har makta til å trykka ned andre klassar med vald. Dette er ein viktig og heilt vesentleg kategori for å klassifisera samfunn som utviklar seg i retning kommunismen, men omgrepet fangar ikkje opp alt som er interessant å seia om samfunnet.
- Den kinesiske revolusjonen følgde ikkje det ortodokse mønsteret der arbeiderklassen skulle gripe makta, oppretta proletariatets diktatur, sosialisera dei viktigaste produksjonsmidlane og oppheva vareproduksjonen osv. I Kina var det bøndene som utgjorde hovudkrafta i revolusjonen, og Kinas Kommunistiske Parti, som leia revolusjonen over fleire tiår, vikarierte i stor grad for arbeidarklassen.[1]I maoistisk diskurs heiter det offisielt at «bøndene er hovedkrafta, proletariatet er den ledende krafta». Dette er ei mystifisering. Arbeidarklassen i eigentleg meining var eit lite … Continue reading Etter mitt skjønn var det først gjennom Kulturrevolusjonen at arbeidarklassen vart mobilisert politisk i masseskala og direkte drege med i styre og stell. For meg er det altså tvilsamt Kina skal ha vore «proletariatets diktatur» i streng tyding mellom 1949 og 1966. Likevel gjekk Kina gjennom store endringar som tok sikte på ei overgang til kommunismen. Altså: Kina var eit «overgangssamfunn» som gjekk i retning kommunismen. Her er ikkje «proletariatets diktatur» dekkjande.
Om vi ikkje har eit konsept om «overgangssamfunn», men berre arbeider med kategoriane «proletariatets diktatur», «den første fasen av kommunismen» og «den andre fasen av kommunismen», vil vi slita med å forstå den kinesiske erfaringa. I verste fall må vi konkludera med at den kinesiske erfaringa ikkje kan læra oss noko verdifullt om overgangen til kommunismen.
Eg vil altså rekna både Sovjetunionen og Kina som «overgangssamfunn».
Förbundet Kommunist og overgangssamfunnet
Teorien om «overgangen mellom kapitalismen og kommunismen» kjem i ulike variantar. Svenske Förbundet Kommunist stod for ein variant av teorien, her formulert hos Börjesson og Svensson (1974). Dei arbeider med fleire grunnleggjande kategoriar (mi utheving):
- Proletariatets diktatur[, som] inträder efter krossandet av den borgerliga (i koloniala/nykoloniala länder närmast ”borgerlig/halvfeodala”) statsapparatens enhet genom revolutionära massorganisationer ledda av ett revolutionärt kommunistiskt parti. Partiet sätter sig i kontroll av statsmakten, speciellt då alla delar av våldsapparaten. I de avancerade kapitalistiska länderna är revolutionära massorganisationerna proletära klassorgan, t ex arbetarråd. I kolonialt präglade länder är formerna annorlunda, t ex folkliga befrielsekommittéer. [Merk at FK bruker omgrepet «overgangsfasen» om denne fasen andre plassar i teksten –T.B.]
- Övergången till socialismen[, som] innebär att den proletära diktaturen utvidgas till att omfatta hela klassen (som i sin tur utgör en allt större del av befolkningen). Då har den proletära diktaturen utvecklats till fullständig proletär demokrati. Återgång till kapitalismen är omöjlig och vi har inträtt i den socialistiska fasen, som innebär att de kapitalistiska produktionsförhållandena / produktivkrafterna – dvs hela den kapitalistiska ekonomiska basen – har omvandlats till socialistiska produktionsförhållanden/produktivkrafter.
- Kommunismen[, som] inträder när arbetsdelningen, och allt det den givit upphov till: klasserna, klasskampen, staten har ”dött bort” (s. 4-5).
Börjesson og Svensson skriv vidare: «[m]ed dessa definitioner av socialism och kommunism, finns det alltså inga samhällen som idag är fullt ut socialistiska. T ex. är Kina ännu bara ett övergångssamhälle.» Om «overgangssamfunnet» er definert gjennom proletariatets diktatur, meiner eg det gir lite meining som eit «overgangssamfunn». Om FK som påstand om at «Kina [anno 1973] är ännu bara ett övergångssamhälle» skal gi meining, må vi definera «overgangssamfunn» på ein meir fleksibel måte.
Eg noterer også at FK trekk eit skilje mellom «overgangssamfunnet» og «sosialismen». Dei set meir eller mindre likskapsteikn mellom «sosialismen» og «kommunismens lavere fase», ref. Marx i kritikken av Gotha-programmet:
Men disse misforhold [Marx siktar til den borgarlege retten: lik behandling av ulike menneske] er uunngåelige i den første fasen av det kommunistiske samfunnet, da det nettopp er sprunget ut av det kapitalistiske samfunnet etter langvarige fødselsveer. Retten kan aldri stå høyere enn den økonomiske strukturen i samfunnet og den kulturelle utviklinga som er betinga av dem.
I en høyere fase av det kommunistiske samfunnet, når individas kuende underordning under arbeidsdelinga er forsvunnet, og dermed også motsetninga mellom åndsarbeid og kroppsarbeid, etter at arbeidet ikke bare er et middel til livets opphold, men sjøl er blitt det viktigste livsbehovet, og etter at også produktivkreftene har vokst side om side med individas allsidige utvikling og alle kildene til fellesskapets rikdom flyter rik eligere – først da kan den trange horisonten til den borgerlige retten overskrides helt, og først da kan samfunnet skrive på fanene sine: Fra enhver etter hans evner, til enhver etter hans behov! (Marx, 1977 [1875], s. 19)
Innan Lenin skreiv Staten og revolusjonen, hadde «sosialisme» blitt eit populært synonym for «den første fasen av kommunismen».[2]Det er ei vanleg misforståing at Lenin «fann upp» denne tydinga av ordet «sosialisme». Terminologien til FK er altså svært «ortodoks», dvs. i tråd med Marx, Engels og Lenin, men samtidig upraktisk i møte med dei verkelege samfunna som har gått i retning kommunismen.
Sosialismen som overgang i Rethinking Socialism
Ein annan variant av overgangssamfunnteori finn vi hos Deng-Yuan Hsu & Pao-yu Ching i boka Rethinking Socialism: What is Socialist Transition? (utan dato). For dei er sosialismen ikkje synonymt med den lågare fasen av kommunismen, men namnet på sjølve overgangen:
Socialist transition is the period of time that transforms a non-communist society to a communist society. During the socialist transition there is no certain predetermined path by which policies and events can be judged to determine whether this path is being followed. Instead, the analysis of socialist transition depends on the general direction of the transition. Therefore, one single and isolated event cannot determine whethe the transition is socialist or capitalist. (s. 14)
For Deng-Yuan Hsu og Pao-yu Ching er «sosialisme» ikkje ein tilstand, men namnet på sjølve overgongen frå eit ikkje-kommunistisk samfunn til eit kommunistisk samfunn. Med denne terminologien vil uttrykket «sosialistisk samfunn» berre vera den kvardagsspråklege varianten av «eit overgangssamfunn på den sosialistiske vegen; altså eit samfunn som utviklar seg i retning kommunismen». Eg meiner vi kan ta utgangspunkt i dette, og bruka «overgangssamfunn», «sosialisme», «den sosialistiske overgangen» som synonym i ulike samanhengar.
Litteratur
Börjesson, N., Svensson, S. B. (1974). Kina – klasskampen går vidare. Revopress. Henta frå Marxistarkiv.se. Tilgjengeleg på: https://marxistarkiv.se/sverige/fk/kina-klasskampen_gar_vidare.pdf
Deng-Yuan Hsu & Pao-yu Ching (2017 [u.å.]). Rethinking Socialism: What is Socialist Transition?. Utrecht: Foreign Languages Press.
Marx, K (1974 [1875]). «Margnotater til programmet til Det tyske arbeiderpartiet», i Kritikk av Gotha-programmet. S. 13-32. Oslo: Oktober.
Noter
↑1 |
I maoistisk diskurs heiter det offisielt at «bøndene er hovedkrafta, proletariatet er den ledende krafta». Dette er ei mystifisering. Arbeidarklassen i eigentleg meining var eit lite mindretal i Kina før 1949. Arbeidarrørsla i Kina vart knust i 1927, og KKP vart tvunge til å søkja seg til landsbygda og slå rot hjå bondemassane. Så vidt eg veit var den sosiale samansettinga av KKP i all hovudsak ikkje-proletær gjennom mesteparten av perioden 1927-1968, men her tek eg atterhald om at eg ikkje har undersøkt saka i detalj. Eg trur likevel hovudpoenget står. |
---|---|
↑2 | Det er ei vanleg misforståing at Lenin «fann upp» denne tydinga av ordet «sosialisme». |
Interessant artikkel om terminologi og hvordan det passer til erfaringene!
Det er ikke sentralt til noe poeng eller noe, men appropos at det står «(utan dato)» på Deng-Yuan Hsu og Pao-yu Ching sin bok, så finner jeg at den ble utgitt i 2017, og skrevet litt over to tiår tidligere. Jeg tenkte det var interessant å vite om den var skrevet før eller etter, som Ching skriver i introduksjonen, «Socialism was defeated».
Takk skal du ha!
Det er vanskeleg å seia heilt sikkert når boka vart skriven. Den tidlegaste utgåva frå nettet vart lagt ut i 2000 på marx2mao.com:
https://web.archive.org/web/20220116013158/http://www.marx2mao.com/Other/WIST.html
Eg vil rekna med at boka kom ut på slutten av nittitalet ein gong.
Åja skjønner, så det var (kanskje den nyeste) versjonen som ble utgitt i 2017, og i den står det «My co-author Deng-yuan Hsu and I wrote this paper a little over two decades ago». https://foreignlanguages.press/wp-content/uploads/2020/08/S11-Rethinking-Socialism-4th-Printing.pdf
Så slutten av nittitallet virker accurate.