Uttalelse fra Revolusjonært Kommunistisk Forbund (RK), vedtatt 27. mai 2025.
Det nye partiet Fred og Rettferdighet (FOR) har skapt store overskrifter den siste tida. Dramaet starta med ein mystisk plakatkampanje på t-banen i Oslo, og toppa seg med ei spektakulær TV-avsløring: På NRK Debatten 20. mai vart det avslørt at det er den norske betong-oligarken Atle Berge, som har store næringsinteressar i Russland og opent støttar Putin, som har støtta partiet med millionbeløp.
I same augeblink som plakatane til FOR kom opp på T-banen i Oslo, sådde stemmar frå SV og Høgre mistanke om russisk finansiering, mens PST kunngjorde at dei «følgjer med» på partiet. Vi fordømmar hetsen, agentstemplinga og overvåkinga, som ikkje berre råkar FOR, men heile den antiimperialistiske rørsla og alle som kjempar mot NATO-opprusting i Norge. Samtidig tek vi avstand frå den politiske plattforma til FOR.
FOR har ikkje tydeleg fordømt Russlands invasjon av Ukraina, og anerkjenner ikkje det ukrainske folket sin rett til å gjera motstand mot okkupasjon. Dei krev stans i norsk våpenstøtte til Ukraina — slik RK også har gjort — men dei krev ikkje at Russland trekk seg ut. Dei maktar ikkje å sjå at krigen i Ukraina har ein dobbel karakter: på den eine sida ein imperialistisk proxykrig, og på den andre sida ein rettferdig nasjonal motstandskamp.
Samtidig spreier FOR pasifistiske illusjonar om at statane i det imperialistiske systemet kan læra seg å «forstå kvarandre», føra ein «fredeleg» politikk og «velja forhandlingar, ikkje krig». Partiet spelar dermed ein sløvande rolle i den antiimperialistiske rørsla.
I motsetnad til dette, understrekar vi at imperialismen er eit verdssystem — kapitalismen i dag — der ulike kapitalgrupper kjempar mellom seg om marknadar og interessesfærar. Russland er soleis ikkje ein «antiimperialistisk» motvekt mot amerikansk og alliert imperialisme, men ein konkurrent innanfor same imperialistiske system. Det er nettopp konkurransen mellom kapitalgruppene som gjer imperialistiske krigar uunngåelege i dag. Den einaste måten å få slutt på krigane på er å få slutt på det imperialistiske verdssystemet. For at dette skal bli mogleg, må den internasjonale arbeidarklassen samla seg på tvers av landegrenser og styrta sine eigne imperialistar. Mens vi har eit ansvar for å gjera slutt på norsk imperialisme, har den russiske arbeidarklassen eit ansvar for å få slutt på russisk imperialisme.
Sjølv om vi er einige i fleire av enkeltkrava deira (ingen amerikanske basar på norsk jord, Noreg ut av NATO og EØS, Oljefondet ut av Israel), vil vi slå fast at FOR ikkje er eit anti-imperialistisk parti. Når partiet fordømmar éin imperialistisk blokk, men tek den andre i forsvar, er dei ikkje meir enn eit spegelbilete av NATO-partia med omvendt forteikn. Vi oppfordrar alle oppriktige antiimperialistar til å leggja inn kreftene andre plassar — på å byggja den revolusjonære rørsla vi treng for å gjera slutt på heile det imperialistiske systemet.
Å kalle Ukrainas krigføring for «rettferdig nasjonal motstandskamp.» er Kautskyistisk i mine øyne, da det spiller inn på the borgerlige konseptet «Defence of the fatherland» både i begrepene rettferdig og motstand. Ellers – Hva slags nasjonal karakter fremmer Kyiv regimet? Vest-Ukrainisk etnonasjonalisme, der fascisisk kollaberasjon under andre verdenskrig hylles, og Ukrainsk-Russisk proletarisme blir rensket fra kulturminnet.
Fra V. L. The Conference of the R.S.D.L.P. Groups Abroad:
«The entire economic and diplomatic history of the last few decades shows that both groups of belligerent nations were systematically preparing the very kind of war such as the present. *The question of which group dealt the first military blow or first declared war is immaterial in any determination of the tactics of socialists. Both sides’ phrases on the defence of the fatherland, resistance to enemy invasion, a war of defence, etc., are nothing but deception of the people.* ûthevet
At the bottom of genuinely national wars, such as took place especially between 1789 and 1871, was a long process of mass national movements, of a struggle against absolutism and feudalism, the overthrow of national oppression, and the formation of states on a national basis, as a prerequisite of capitalist development.
The national ideology created by that epoch left a deep impress on the mass of the petty bourgeoisie and a section of the proletariat. This is now being utilised in a totally different and imperialist epoch by the sophists of the bourgeoisie, and by the traitors to socialism who are following in their wake, so as to split the workers, and divert them from their class aims and from the revolutionary struggle against the bourgeoisie.»
Hva er det du mener å si her? Er det ikke mulig å støtte det ukrainske folket separat fra den fascistiske staten?
Det er en vesentlig forskjell fra Leninsitatet ditt. Når Kautskyistene snakker om «forsvar for fedrelandet» er det snakk om et sosialistisk forsvar for imperialistisk krig. Vesensforskjellen her er at forsvaret av Ukrainas allerede etablerte landegrenser i seg selv ikke er imperialistisk, selv om den Ukrainske staten representerer vestlige imperialistiske interesser. I mine øyne har Ukraina vært omtrent okkupert av USA siden omkring 2011, og etnonasjonalismen går hånd i hånd. Men betyr det at den eneste løsningen er en russisk invasjon? Det er en sann uproletarisk linje. La oss ikke ha noen illusjoner om at russerne er der for å befri folket fra nazisme. Russlands propagandapparat ønsker å forveksle den gamle proletarismen med en kvasi-nasjonalisme. Ingenting tyder på at den imperialistiske staten i Russland har noe til overs for verken sitt eget eller det Ukrainske folk. De har like åpenbare interesser som vesten har i regionen. Det eneste korrekte er å ta den tredje linjen – støtte til folket i begge land, både Ukraina og Russland. Ingen av de tjener på denne krigen, og deres interesser må for all del ikke forveksles med staten som ikke har noe problem med å sende de gjennom kjøttkverna. Ingen av statene kan sies å være solidariske med proletariatet i verken sitt eget eller det andre landet. De sender proletariatet til å drepe hverandre for deres vinning.