Foto: Adrian Nielsen / NTL
Dette er en signert artikkel. Vi holder nettsidene våre åpne for revolusjonær marxistisk debatt. Signerte artikler uttrykker forfatterens eget synspunkt. Dette kan avvike noe fra synspunktene til RK eller redaksjonen.
Av Mads Dahl
På LO-kongressen fredag den 9. mai, blei forslaget “Dersom okkupasjonen ikke opphører innen den 13. september 2025, som FNs generalforsamling har krevd, vil LO arbeide for at Norge tar initiativ til ein internasjonal økonomisk boikott” vedtatt etter ein avrøysting kor 240 stemte for og 69 mot.
Vedtaket, som SV-leiar Kirsti Bergstø kaller ein “majorsordre”, fastslår ikkje minst at hendingane i Gaza utgjer folkemord med utsegnet “den palestinske sivilbefolkningen har gjennom den pågående krigen og folkemordet blitt påført utfattelige lidelser”.
Vidare krev LO fra den norske staten å stanse investeringer i selskaper som bidrar til å oppretthalde den folkerettsstridige okkupasjonen, som per i dag omfattar 47 selskap. Vedtaket inneheld eit forslag om å introdusere ein lov mot dette. Eit forslag om innføringa av våpenembargo mot Israel fikk unison støtte.
Dette er LO sine konkrete krav, hentet fra frifagbevegelse.no:
- Dersom okkupasjonen ikke opphører innen september 2025, vil LO arbeide for at Norge tar initiativ til en internasjonal økonomisk boikott.
- LO støtter arbeidet for en vid våpenembargo.
- LO støtter en bred kultur-, sports- og akademisk boikott av israelske institusjoner og andre aktører.
- Norge må jobbe for at personer mistenkt for krigsforbrytelser blir etterforsket og straffeforfulgt.
- Oljefondet, norske selskaper og finansinstitusjoner må ikke handle med eller investere i selskaper som bidrar til Israels okkupasjon. LO vil ha et lovforbud mot dette.
Dette er godt nytt som viser at fleirtalet av nesten éin million organiserte nordmenn støttar tiltak for å stoppe Israels folkemord mot palestinarane, og veksta av fleirtalet er ein viktig milepæl for den norske solidaritetsbevegelsen. Deira engasjement og mobiliseringar over fleire år reflekterast tydeleg i det store fleirtalet.
Vedtaket følger derimot med fleire komplikasjoner som gjer at ein faktisk boikott mot Israel er langt frå garantert.
For det eine, er vedtaket nemlig ikkje av ein heilt ny art: LO-kongressar vedtok liknande krav av boikott mot Israel i 2017 (økonomisk, akademisk, kulturell) og 2022 (full) også, men blei hindra frå iverksetting av ei leiing som meinte og enno meiner at boikott er problematisk. Motargumentet forblir at ein boikott av Israel innebér avslutningen av “programmarbeid til støtte for Palestina”. Bergens LO-leiar Fauzia Hussain-Wiik påpeikar korrekt at slike prosjekt er lite verdt når dei forutsetter at ein fortset å gjera seg medskyldig i folkerettsbrot. Det einaste nye med dette vedtaket er at det omtalar Israels vald i Gaza som folkemord, og den vaksande marginen mellom fleirtalet – deriblant mange frå grasrota – for boikott, og mindretalet mot boikott i leiinga.
Ei anna utfordring ligg ikkje minst i at initiativet omhandler ein internasjonal økonomisk boikott. Det vil si at Norge til slutt vil vedta økonomisk boikottviss fleire andre land blir med å slutte seg til han – ein vanskeleg oppgåve som vil kreve mykje tid og politisk arbeid som det regjerende Arbeiderpartiet eller toppkandidatene for haustens val Høyre og Framskrittspartiet ikkje har stilt seg positivt til. Vedtaka innebér heller ikkje meir enn berre krav; det foreligg ingen plan til handling om å iverksetja desse – meir om dette seinare.
Det ligg også ein tidsutfordring i vedtaket: det er aktivt først frå den 13. September 2025, ei veke etter Stortingsvalet, og berre to veker frå eventuelt regimeskifte. Meiningsmålingar antyd at valets vinnarar kjem til å bli enten Arbeiderpartiet med rundt 30% oppslutning eller ein mogleg Høyre-FrP koalisjon med kombinerte 36%. Det som har potensiale til å bli spennande, er korleis AP vil gå fram med å danne fleirtal, da Senterpartiet, som nyligere i februar gjekk ut av regjering med AP, ikkje vil vera ein kandidat. Utenom SP, er neste moglege partner for ein koalisjon SV. Det låtar meir positivt for mogleg gjennomføring av LO-vedtaka, men likevel gjeld dei gamle speleregla: vedtaka må få fleirtal i parlament. Så blir det først å sjå om AP hadde gått med på koalisjon med SV for å forhindre “blå-blå”-regjering.
Dette er heller ikkje fyrste gong LO har vedtatt sanksjoner mot Israel. I ein sak som ein annan kamerat skreiv om i november 2023, krevde LO og Fagforbundet at Norge “stansar allierte lands vidaresal av norske våpen og våpendelar til Israel”. Kommentatoren påpeika allereie då at “det hjelp lite med å ha eit rettferdig krav, om ein ikkje er villig til å setta makt bak det”, og foreslår streik i strategisk utvalde arbeidsplassar for å tvinge vedtakene til iverksetjing. Me står ovenfor same situasjon no, med ein sta og mektig LO-leiing i mindretal og med eit langt større trykk å endeleg ta handling om å stanse norsk delaktigheit i Israels folkemord mot palestinarar.
Ueinigheita mellom LO-leiinga og fleirtalet for boikott mot Israel kan altså, lik som i 2017 og 2022, komme i vei for iverksetjinga av boikott, da i det sannsynlege tilfellet at AP eller den nye regjeringa ikkje følger opp vedtaket, leiinga svært usannsynlegvis kjem til å innføra streik i respons. Det logiske utspelet av dette ville i så fall vært fagorganiserte arbeidarar i strategiske arbeidsplassar (f.eks. transport) sin sjølvstendig organiserte streik og oppfylgning av vedtaka, slik arbeidarar i Sverige og Belgia gjorde henholdsvis i januar 2025 og november 2023.Dette ville ikkje minst utfordra den udemokratiske strukturen til LO, f.eks. den konsentrerte beslutningsmakta og vilkårlege oppfylgninga av vedtak. Også forbundets funksjon som lobbyverksemd for AP kunne blitt utfordra slik, i kombinasjon med offentleg kritikk om den svake vedtektsoppfylgninga.
Me får altså å sjå om LO-leiinga og AP-regjeringa etter mogleg gjenval vil følge opp vedtaket, då begge gjentatt har uttalt seg mot boikott av Israel. Raudts Bjørnar Moxnes forventar ein historisk beslutning på Arbeiderpartiets vegne: om partiet stiller seg på side med sin tette samarbeidspartner LO, eller fortsetter høyredreiinga si og tek side med Høyre og FrP i “palestinaspørsmålet”.