Uttalelse fra Revolusjonære Kommunister (RK).
Natt til i dag vart det kjent at Jose Maria Sison, stiftaren av Filippinanes Kommunistiske Parti, gjekk bort i går. Kamerat ’Joma’ sovna inn etter to veker på sjukehus, i ein alder av 83 år. Han høyrer til ein generasjon med maoistiske revolusjonære — dei som vart aktive i bølgeslagene fra Kulturrevolusjonen — som no gir fakkelen vidare til neste generasjon.
Joma stifta Filippinanes Kommunistiske Parti i 1968, og vart første formann i partiet. Året etter erklærte partiet folkekrig mot den gamle filippinske staten, som har pågått utan avbrot i over femti år, og er dei filippinske massane sin krig mot imperialistisk og føydal undertrykking.
Joma vart fengsla av det fascistiske Marcos-regimet i 1977, og sat fengsla i nesten ni år. Trass i tortur og isolasjon, nytta han fengselstida til å skriva bøker i teneste for den marxist-leninistiske rørsla. Etter at han slapp ut av fengsel har han budd i eksil i Nederland og jobba som seniorrådgivar for Filippinanes Nasjonaldemokratiske Front (NDFP).
Vi ser på Joma først først og fremst som ein stor marxist-leninist-maoist. Bortgangen hans er eit tap ikkje berre for det filippinske folket, men for heile det internasjonale proletariatet.

Vi vil akta og æra våre eldre på den einaste måten vi veit – ved å bera den raude fana vidare, ved å kjempa for saka til alle utbyta og undertrykte kvar dag, og ved å byggja det kommunistiske partiet her kor vi bur.
Vi sender våre raude helsingar til kameratene i Filippinane, som har mista ein bauta. Vi tviler ikkje ein blunk på at dei vil bera fana vidare og smi nye, dyktige leiarar for kampen som held fram.
Hvil i fred, Ka Joma!